Drontheim (båt)

Drontheim eller Greencastle yawl, òg kalla north coast yawl, er ein tradisjonell klinkbygd og spissgatta ro- og seglbåt med røter frå Midt-Noreg i Donegal i Irland og Londonderry og Antrim i Nord-Irland. Opphavet til båttypen er båtar som var med som dekkslast på fartøy som frakta is og tømmer til Skottland og Irland frå kring 1800 av. Båttypen har utvikla seg vidare lokalt. Bruksområdet var tradisjonelt dels linefiske og drivgarnfiske, og dels generell lokaltransport og tangskjering. Drontheimbåten kan vera opptil 28 fot og er tradisjonelt rigga med ei eller to mastrer med sprisegl og fokk. Ved kappsegling vart det bruka større rigg, og da vart det påsett dreglar for betre fribord. Eit uvanlig drag ved båttypen er elles at det er lagt inn ein ekstra bordgang, sand stroke, mellom kjølen og botnen — tilsvarande ørhugeitbåten. Båttypen vart introdusert i Canada av irske båtbyggjarar og heiter der Collingwood skiffs.

Litteratur

  • MacPolin, Donal: The Drontheim : forgotten sailing boat of the North Irish coast. Dublin : PlayPrint, 1992. ISBN 0951998404
  • «The Collingwood skiff» på Colmcillecurragh.com