Edland
Edland er ei bygd i Vinje i Telemark. Ho ligg der elvane Bora og Kjela møtast. E134 går gjennom bygda. Det er òg vegsamband til Arabygdi og Totak over fylkesveg 362.
Namnet var truleg opphavleg Elriland, frå norrønt elri som tyder 'skog' og andreleddet land.
Handlinga i Aasmund Olavsson Vinjes sitt episke dikt om Storegut er henta frå Edland.
Litteratur og kjelder
- Edland i Store norske leksikon.
- Edland på Wikipedia på bokmål og riksmål.