Elvbåt frå Vefsn

Elvbåt frå Vefsn er ein undertype av nordlandsbåten. Han er relativt rundstamna, smekker og rundbotna og blir tradisjonelt rodd i rolig farvatn og medstraums og staka i stri motstraum. I eldre tider har ein del av båtane gjerne vore relativt store og godt eigna for varetransport, men i seinare tid har berre lettrodde færingar vorte bygd. I nyare tid har den gamle krumstemnings-maksla vorte erstatta med ei meir spisse-prega maksel med låge, ljøroddlause stamnar med stamnrot.

Framstamn på elvbåt.
Foto: Håvard Dahl Bratrein / Tromsø Museum (1978).

Bildegalleri

Kjelder

  • Øksendal, Kjell M.: Båtar og båtbygging i Vefsn før og no, Elverum 2003.

Lenkjer