Emma Normann Pastor

Emma Normann Pastor (1871-1954) var ein av kunstnarane i Balestrand. Foreldra var kunstmålar Eilert Adelsteen Normann og den fyrste kona hans, Catharina Henriette Hubertine Weitgau frå Tyskland. Emma vaks opp i Düsseldorf og Berlin i Tyskland, men familien hadde sterke band til Noreg. Familien hadde sommarhus i Balestrand og faren er blant anna kjend for bilete med motiv frå Sognefjorden.

Emma Normann hadde sjølv utdanning innan kunstmåling. Fleire av bileta hennar har nasjonalromantiske motiv med fjord og fjell og gjerne med ei jente i bunad. Emma Normann måla og portrett, nissar og eventyrmotiv og levde av å selje kunsten til turistar i Balestrand. Ho har og måla altertavla i den engelske kyrkja i Balestrand.

Emma Normann levde av å selje kunst til turistar i Balestrand.

Emma vart gift med Willi Pastor, ein tysk journalist og forfattar, fleire av illustrasjonane i bøkene hans er laga av Emma. Dei fekk to barn. Sonen Eilert døydde under andre verdenskrig og dottera Helga Normann Leknes (1902-1987). Ho var dansar og kunstmålar, gift med ingeniør Øivind Leknes frå Kabelvåg, busett i Oslo. Emma og dottera Helga budde i Oslo om vinteren og i huset i Balestrand om sommaren. Emma Normann døydde i Oslo og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Emma og Willi bygde sitt eige sommarhus i Balestrand, Villa Heimdalstrand i 1910 i sein drakestil. Innvendig og utvendig treskurd er laga av treskjeraren Ivar Høyvik. Huset er bevart og vart freda i 2017.

Galleri

Kjelder og litteratur

  • Muntleg: Hans Birger Rutledal
  • Brosjyre frå åpning av Emma Normann-utstilling i Villa Heimdalstrand, april 2018.
  • Melkild, Arne: Kunstnarliv. Utg. Skald. 1993. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Årbok for Sogn. Utg. Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum. Kaupanger. 2007. Digital versjonNettbiblioteket.