Eystein Gjelsvik
Eystein Gjelsvik (f. 1881 i Vevring (no Naustdal kommune), død 1950 i Ski) var landbruksmann. Foreldra var gardbrukar Nils Gjelsvik og Oline fødd Svardal. Han var gift med Lina Relling (1885-1968) frå Norddal. Dei slo seg ned i Ski i 1917 og bygde seg hus i Kirkeveien.
Gjelsvik tok eksamen ved Noregs landbrukshøgskule i 1911. I åra 1911–17 var han lærar på Nordland landbruksskule i Bodin. Frå 1917 var han konsulent og leiar for bureisingsarbeidet i selskapet Ny Jord. Da det kom fart i bureisinga etter fyrste verdskrigen, var det han som utarbeidde planane.
Han gav ut rettleiingsboka Bureising (1939) og andre opplysningsskrifter.
Kjelder og litteratur
- Norsk Allkunnebok, band 5. 1954.
- Norske landbrukskandidater. 1932.
- Olav Randen: Brøyte seg rydning (særleg s. 63–66). 2002.
- Opplysningar frå sonesonen Eystein Gjelsvik.