Fedrelandspartiet
Fedrelandspartiet var eit politisk parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partileiar fram til 1994 var Harald Trefall, han hadde også utarbeidd idégrunnlag, program og vedtekter for partiet. I partiprogrammet frå 1993 stod det blant anna:
"Fedrelandspartiets målsetting er at Norge skal forbli en norsk nasjonalstat, i samsvar med det prinsipp om folkesuvereniteten som ble knesatt på Eidsvoll i 1814. (...) Fedrelandspartiet (...) vil stoppe alle former for folkevandring til Norge.''"
Ungdomsorganisasjonen til partiet var Fedrelandspartiets Ungdom/Fedrelandsungdommen.
Ved kommunevalet i 1991 kom Leiv B. Økland inn i kommunestyret i Karmøy, Trefall vart valt inn i Hordaland fylkesting.
Frå 1994 til 1996 var Odd Even Hårvik partileiar. Deretter kom Trefall igjen inn som leiar fram til 2002, då Arild Kibsgaard overtok.
Kjelder og eksternt stoff
- Henrik Lunde: Aller ytterst
- Innslag på radio ved stortingsvalet 1993
- Art. i Aftenposten 30. okt. 1993
- Omtale av Harald Trefall
- Nettsidene til partiet (arkivert)
- Einingsregisteret
|