Finnøy prestegjeld
Finnøy prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Rogaland. Frå mellomalderen av hadde det to sokn, hovedsoknet Hesby (Finnøy) og annekssoknet Talgje.
Ridder, riksråd, drottsete og sysselmann Ogmund Finnsson bodde på storgården og hovedsetet Hesby (Hæstby) på Finnøy i Ryfylke. I eit vitnesbyrd frå 1361 nemnast presten Jon Bardarsøn som vitne over at arven etter Ogmund skal tilfalle en frende i farsætten Tore Uspaksson. Det er oppført eit minnesmerke over Ogmund Finnsson ved Hesby kirke på Finnøy.
På 1900-talet vart Sjernarøy sokn overført frå Nedstrand prestegjeld, slik at prestegjeldet fekk same utstrekking som Finnøy kommune.
Litteratur
- Prestegjeld og sokn i Rogaland på Arkivverket sine nettsider..
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie. Udgivne af et Samfund, Volum 3, s 592