Fiskerstrand Verft
Fiskarstrand Verft AS er eit aksjeselskap og skipsverft i Fiskerstrand i Sula kommune i Møre og Romsdal. Verftet byggjer nybygg men tar også reparasjonar, særleg av ferjer og fiskebåtar. Tørrdokka kan ta fartøy opp mot 150 meters lengd. Verftet samarbeider med det litauiske Western Shipyard, og dei to verfta eig 50 % kver i fellesføretaket Fiskerstrand BLRT AS.
Verftet blei grunnlagt av Peder E. Fiskerstrand i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted.