Flatingrendi (veg i Seljord)
Flatingrendi er ein veg og eit grendelag i Seljord kommune. Vegen går vestover frå Vallarvegen, kryssar Vallaråi på Satabrui og deler seg i tre greiner. To går sørover og ender ved gardane Bakkan (gnr. 35/6) og Søndre Flatin (Su-Flatin) (gnr. 1/4). Den tredje greina fylgjer Vallaråi nordover og ender på Presteneset langt sør i Flatsjå.
Vegen har namn etter Flatingrendi og vart namnsett i 2005v.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no