Fosserudvegen (Hjartdal)
Fosserudvegen i Nordbygda i Hjartdal kommune går nordover frå Rogrendvegen nær Hjartdal kyrkje til Libøvegen. Han er 2 kilometer lang og går for det meste gjennom skog, men med litt jordbrukslandskap i første del.

Parti fra Fosserudvegen ved Steinsrud.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter plassen Fosserud (Øygarden) under Holm (gnr. 12) og vart namnsett i 2011.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
- Kleveland Karlsrud, Gjertrud: Hjartdalssoga, gard og ætt, 3 A, Hjartdal, Nordbygda. Hjartdal kommune 2000.