Frølandvegen

Frølandvegen i Sauland i Hjartdal kommune går i ei boge vestover frå Saulandsvegen (E134) ved brua over Hjartdøla og ut att i same veg ved Sauland kyrkje. Han er 3,4 kilometer lang, går gjennom Frølandgrenda og passerer fleire Frøland-gardar.

Frølandvegen sett sørover frå Saulandsvegen ved Sauland kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2019).
Hjartdal, Frølandvegen med nr. 18, Slåkestad (gnr. 77/11).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Frølandgrenda og vart namnsett i 2011.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
  • Statens vegvesen: vegkart.


Koordinater: 59.61090° N 8.95562° Ø