Fresvikdalen krins

Fresvikdalen krins er ein skulekrins i Vik kommune i Sogn. Denne krinsen vart skipa 1. november 1865. Krinsen omfatta gardane Flete, Otterhjel, Breilid, Tretteteig og Hatlelid, og dei delte lærar med Frønningen krins. I 1868 vart Fresvikdalen krins lagt saman Bjørnetun krins, men i 1873 vart det vedteke at Fresvikdalen skulle verte eigen krins att, med same lærar som Frønningen krins. Skulen i Fresvikdalen vart halden i leigd stove, først i Breilid og seinare på Flete.

Utsikt mot Breili frå Hatleli
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fresvikdalen krins vart lagt ned i 1890, då heile Fresvik vart samla i ein krins, Bøtun krins.

Skulehus

Breili

Flæte

Hatlelid

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Kristen Loven Omgansskulen i Fresvikdalen 1865 1867
Jakob Bøthun 1851 Omgangsskulen i Fresvikdalen (Skulestova på Breili frå 1873) 1873 1890 lærarskulen i Balestrand

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Fresvik sogelag (1999) Skulen vår: Fresvik skule 50 år., s. 25 – Fresvik sogelag/Fresvik skule. ISBN 8299336813.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.05772° N 6.92020° Ø