Frivollvegen
Frivollvegen er ein blindveg i Bø sentrum i Midt-Telemark kommune som går nordaustover frå krysset i skiljet mellom Bøgata og Seljordvegen. Dette er tilkomstvegen til Bø ungdomsskule som ligg her og elles nokre bustadhus, og han er om lag 330 meter lang.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Frivollvegen-1.jpg&width=400)
Frivollvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen har namn etter eigedommen «Frivoll» med det tidlegare Folkets hus, og blei namnsett 1983.
I 1970 blei det vedteke at distriktshøgskulen for Telemark skulle leggast til Bø. Kommunen måtte skaffe hus, og dei vedtok å sette opp førebels hus for skulen på Frivoll. Frå februar til august 1971 blei husa sett opp, og til saman utgjorde desse 3 319 m².
Folkets hus blei rive i 2005.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Frivollvegen_10.jpg&width=400)
Frivollvegen 10, tidlegare Telemark distriktshøgskole med nytt tilbygg for Bø ungdomsskule.
Foto: Roy Olsen (2017).
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.