Furuheimvegen (Kviteseid)
Furuheimvegen i Vrådal i Kviteseid kommune er ein blindveg som går austover i bratt lende frå Kviteseidvegen i Furuheim hyttegrend.
Vegen har namn etter garden Furuheim (gnr. 14/6) og vart namnsett i 2016.
Hyttefeltet er skilt ut med bnr. 346 frå denne gardens grunn og har totalt 47 tomter. Av desse er 43 nye, medan fire er tidligare frådelte tomter. Utbygginga av hyttefeltet med utleigehytter starta ca. 2007 og er framleis under utbygjing pr. 2021.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Kviteseid kommune: Reguleringsplan for Furuheim hyttegrend, del av gnr 14 bnr 6. 14. mars 2007.