Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag

Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag blei etablert som eit lutlag 16. januar 1951 etter at Fyresdal Kommunale Bilrute, Tjostolf Fossli si Bilrute og Straand Billag slo seg saman. Namnet blei forkorta F.V.N. Billag, eller berre F.V.N. Formålet med laget var "drift av nemnde bilruter, person og varetransport i dei områda der laget for framtida måtte få løyve til slik verksemd".[1]

I 1972 slo F.V.N. Billag seg saman med Seljord Billag og Vest-Telemark Billag og danna Vest-Telemark Bilruter L/L. I 1998 kjøpte Vest-Telemark Bilruter opp Grenland Nord Trafikkselskap og endra namn til Telemark Bilruter A/S.

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag er oppbevart ved Vest-Telemark Museum.

Referansar

  1. Henriksveen, 1997, s. 147.

Kjelder