Fyresdal Sanitetslag

Fyresdal Sanitetslag vart stifta i 1914 og var ei lokal underavdeling av Norske Kvinners Sanitetsforening.

Historikk

I starten var laget medlem av "Nasjonalforeninga", men i januar 1949 meldte formann Jorånn Midtgarden laget ut.

Frå 1934 vart Veum-Hauggrend Sanitetslag ei underavdeling i laget, og etter nokre år meldte laget seg ut og vart sjølvstendig.

Fyresdal Sanitetslag gav økonomisk stønad der det trongst i vanskelige tider, ikkje minst under krigen. Til dømes var det sanitetslaga som starta og støtta barnekontroll, tannpleie og medisinsk undersøking av skuleborn. Laget søkte også om støtte til husmorvikarnemd.

I seinare tid har sanitetslaget vore opptatt av pensjonistane i nærmiljøet, sendt ut blomsterhelsingar og heldt ymse arrangement. Ellers har laget støtta arbeidet Norske Kvinners Sanitetsforening gjer for forsking, helse og trivsel på landsbasis. På 1980-talet var dei særleg opptatt av "Hjemmet for Døve" og "Aksjon mot kreft" i samarbeid med "Landsforeningen mot kreft". Dei hjalp mellom anna til å organsisere mammografiundersøkingar i Vest-Telemark.

I 1993 fekk Fyresdal Sanitetslag kulturprisen. Formannen dei siste åra har vore Signy Landvik.

Arkiv

Arkivet etter Fyresdal Sanitetslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.