Gabbrovegen (Kviteseid)
Gabbrovegen i Vrådal i Kviteseid kommune er ein blindveg som går på austsida av Granittvegen i Vrådal hyttegrend. Han er 150 meter lang.

Gabbrovegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2022).
Vegen har namn etter bergarten gabbro og vart namnsett i 2016. Dei fire vegane i feltet har namn etter bergartar. Om namnevalet skriv Kviteseid kommune:
- I mangel av klare alternativ basert på lokal namnetradisjon i området, har utvalet vald å fylgje ønskja frå utbyggar, m.a. vil han unngå namn med æ, ø og å.
Kilder
- Kommunekart: Gabbrovegen
- Kviteseid kommunestyre, sak 071/16, 20.10.16 (PDF)