Gamleskulen på Vangsnes

Gamleskulen på Vangsnes i Vik var skulen for borna i Vangsnes krins.

I dette huset var gamleskulen på Vangsnes frå 1860-talet og utover. Huset er i dag mykje større og ombygd.
Foto: Pauline Eckerlein / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulehuset

Skulen stod ferdig på Midttun, Vangsnes i 1862 og kunne romme 28 born. I 1880-åra ble det bygd på lærarbustad. Rundt 1900 talte elevane på Vangsnes 44, i 1946 lå talet på 26 (fordelt på to skuleklassar), og i 1961 gjekk det kun 14 elevar på gamleskulen på Vangsnes (2 klassar).

Andre bruksområde

Utover 1900-talet blei skulen nytta som forsamlingslokale for lag og foreningar i grenda. Eit døme på det er Vangsnes Ungdomslag som fekk disponera skulen på sundagskveldar. I seinare tid har huset blitt nytta som barnhage.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Koordinater: 61.16979° N 6.64031° Ø