Garvikstrondi (veg i Seljord)

Garvikstrondi er ein veg i Seljord kommune som går frå vegen Mosasida ved Blånuten, langs sørsida av Seljordsvatnet til den går over i Garvikvegen ved kommunegrensa mot Midt-Telemark, heilt aust i vatnet der Bøelva har sitt utspring. Eit 640 meter langt stykkje av vegen går innom Midt-Telemark kommune ved Massekåsa sørvest for Ulveneset. Han er om lag 11,9 kilometer lang.

Garvikstrondi ved Lindeviki.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen vart namnsett i 2005 har namn etter lokaliteten Garvikstrondi på Garvik, der ein og finn Garvikstrondi Camping.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.45944° N 8.67570° Ø