Gaular kommune
Gaular kommune låg i Sogn og Fjordane og grensa til Askvoll og Førde i nord, Balestrand i aust, Høyanger i sør og Fjaler i vest. Einaste tettstad i kommunen var administrasjonssenteret Sande.
Gaular kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Historisk(e) namn | Indre Holmedal (før 1910) |
Kommunenummer | 1430 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Sande |
Areal i km²(2020) | 581,82 km² |
Folketal 2020 | 3006 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Slått saman med | 1990: Område frå Fjaler |
No del av | Sunnfjord kommune |
Målform | Nynorsk |
I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.
Gaular var ein landbrukskommune, der særlig storfe- og sauehald var viktig. Elva Gaula har godt laksefiske, og er utbygd med laksetrapper.
Sjå òg
Kjelder
- Gaular i Store norske leksikon
- Gaular på Wikipedia på bokmål og riksmål
|