Gloppen sogelag

Gloppen sogelag i Gloppen kommune vart skipa 29. april 1998. Laget gjev ut årsskriftet Ljøren og har «til føremål å fremme interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som har verdi for historia til kommunen, og som kan fortelje om levevilkåra til folk gjennom tidene». Gloppen sogelag er medlem i Landslaget for lokalhistorie.

I 2019 hadde sogelaget 350 medlemmer.

Sentrale personar

Sverre Folkestad har vore leiar sidan oppstarten i 1998. Folkestad, Ola Nyhagen og Jan Kåre Fure utgjorde gruppa som tok initiativ til skipingsmøtet for sogelaget. Nyhagen var dessutan den mest aktive pådrivaren for at laget skulle gje ut eit lokalhistorisk skrift.

Hovudaktivitetar

Laget gir ut lokalhistorisk skrift kvar haust og driv elles med sogevandringar, temakveldar, kveldsete og foredragsserien «Verda og vi». Laget var òg med i gruppa som utarbeidde kulturminneplan for Gloppen kommune. Sogelaget samarbeider med kommune, bibliotek, skular, museum og organisasjonar og gir økonomisk støtte til ulike tiltak i lokalsamfunnet, til dømes utgjeving av hefte og bøker.

Gloppen sogelag hadde både 10- og 20-årsjubileum med godt frammøte.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer