Gregars veg
Gregars veg i Bø i Midt-Telemark kommune går nordvestover i Nordbø-området frå Kyrkjevegen til Nordbøvegen. Vegen, som er å rekne som ein gardsveg, er ein kilometer lang, utan fast dekke og går i jordbrukslandskap.
Vegen blei namnsett i 1996 og er kalla opp etter Gregar Nordbø (1856–1940) som budde i nr. 40, Sudigard Nordbø.
Gregar Nordbø (1856–1940) var skulelærar, bonde, organist og lokalhistorikar. Han samla inn mykje folkemusikk, soger og stoff om slekter og gardar i Bø.
Gardar
- Nr. 40: Sudigard Nordbø (54/8)
- Nr. 50: Nordbø (54/5)
- Nr. 60: Nordbø (54/7)
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no