Grunningsdalsvegen
Grunningsdalsvegen slyngjer seg oppover i bratt lende frå Vallarvegen ved Lakshøl i Seljord kommune og følgjer Grunnåi gjennom Grunningsdalen over kommunegrensa til Hjartdal og endar ved Ødegården (gnr. 78/1) nær Slåkåvatnet. Han er 13,5 kilometer lang, og av dette ligg 11,6 kilometer i Seljord og 1,9 kilometer i Hjartdal.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Grunningsdalsvegen-1.jpg&width=400)
Parti frå Grunningsdalsvegens fyrste del ved Øvrum og Øystad.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter Grunningsdalen. Namnevedtak for Seljord sin del av vegen vart gjort i 2005 og for Hjartdal i 2011.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no