Gulating lagmannsrett
Gulating lagmannsrett er ein av de seks lagmannsrettane, og dekker Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane samt Sirdal kommune i Vest-Agder. Namnet kjem frå Gulatinget, tingstaden i Gulatingslagen, som var området der Gulatingslova var gjeldande rett i gamal tid.
Domstolen har sete i Bergen. Fram til 2011 hadde den lokalar i Bergen tinghus, men det året flytta den inn i nybygde lokalar på Gulatings plass 1 rett ved Bergen rådhus. Mange rettsmøte blir haldne i Stavanger, der lagmannsretten har faste lokalar i Stavanger tinghus.
Etter både talet på sakar og domarar – det er 33 av dei i 2018 – er Gulating den nest største av lagmannsrettane, etter Borgarting lagmannsrett i Oslo.
Tingrettane som har Gulating som ankedomstol er:
Litteratur og kjelder
- Gulating lagmannsrett på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Gulating lagmannsrett i Store norske leksikon.