Gulen kommune
Gulen kommune ligg i Ytre Sogn i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane), og har administrasjonssenter i tettstaden Eivindvik. Den ligg rundt Gulafjorden, med omkring 80 % av kommunen på fastlandet og resten på 1500 øyar, holmar og skjer. Dei største øyane er Sandøy, Hisarøy, Byrknesøy og Mjømna. På Byrknesøy ligg kommunens andre tettstad, Byrknes.
Gulen kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Historisk(e) navn | Evenvik, Eivindvik |
Kommunenummer | 4635 |
Fylke | Vestland |
Kommunesenter | Eivindvik |
Areal | 597.21 km² |
Areal land | 575.73 km² |
Areal vann | 21.48 km² |
Folketall | 2 345 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1964: Brekke innlemma. |
Fradeling(er) | 1850: Brekke utskild. 1964: Losna avstått til Solund |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Kommunen vart oppretta i 1838 under namnet Evenvik, dåtidas skrivemåte for Eivindvik. Namnet vart endra til Gulen i 1890.
Gulen er tradisjonelt ein landbrukskommune, med vekt på dyrehald. Det er óg ein del kystfiske og oppdrettsanlegg, og desse anlegga har vorte ei viktig inntektskjelde.