Håtveitvegen (Kviteseid)
Håtveitvegen i Morgedal i Kviteseid kommune går nordaustover i Håtveitgrendi frå Morgedalvegen. Etter 1,3 km deler vegen seg i tre greiner. Hovudløpet dreier nordover til Pråmbukti i Liervatnet og herfrå fortsett vegen namnlaus innover fjellet. Ei austleg grein ender i garden Krossbakken (gnr. 74/5). Den tredje greina er namnlaus, passerer garden Håtveit øvre og Lintjønndammen og ender ved staulen Fjosskorli.
Vegen har namn etter Håtveitgrendi som igjen har namn etter Håtveit-gardane. Her er tre Håtveitgardar; Håtveit øvre (gnr. 74/1), som er hovudbølet, Håtveit nedre (gnr. 73/1) og sudigard Håtveit (gnr. 74/3) som er yngst.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.