Hægebostad kommune
Hægebostad kommune ligg i Agder fylke (før 1. januar 2020 i Vest-Agder), og grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral i aust, og Lyngdal i både sør og aust. Administrasjonssenteret er bygda Tingvatn. Det er ingen tettstader i kommunen. Hægebostad fekk sine nåverande grenser i 1963, då Eiken vart samanslegen med gamle Hægebostad kommune.
Hægebostad kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 4226 |
Fylke | Agder |
Kommunesenter | Tingvatn |
Areal | 461.33 km² |
Areal land | 425.23 km² |
Areal vann | 36.1 km² |
Folketall | 1 699 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1963: Eiken innlemma. |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Jarnvegen krysser elva Lygna aust for Snartemo stasjon. Foto: Leif-Harald Ruud (2020)
|
Kommunen har ein del industri, særleg mekanisk industri og trevareindustri. I landbruket dominerar husdyrhald. Turisme har vorte ein viktig inntektskjelde. Det er om lag 800 hytter i kommunen, som har om lag 1700 innbyggarar (2018).
Kjelder og litteratur
|