Hafslo kommune
Hafslo kommune i Indre Sogn i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1838 ut frå Hafslo prestegjeld. Folketalet var i 1855 3350, medan det i 1950 budde 2278 personar i Hafslo. I 1963 vart Hafslo og Jostedal kommune innlemma i Luster kommune.
Nynorsk var offentleg tenestemål og hovudmål i alle skulekrinsane i kommunen.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Hafslo i Store norske leksikon.
- Norsk Allkunnebok - V. bandet, Oslo 1953.