Halvor Olson Vamberg
Halvor Olson Vamberg (døypt 14. september 1783, død 5. november 1861) var gardbrukarson frå Øvre Fåberg i Jostedalen. Han var son av Ole Olson Fåberg (ca 1753-1839) frå Åsen og Martha Halvorsdotter (1747-1820) frå Øvre Fåberg. Han var såleis bror til Lars Olson Fåberg og klokkar Ole Olson Aasestølen.
Halvor gifte seg 2. april 1813 med Eli Johannesdotter (1792-1872) frå Bjørk, dotter av klokkar Johannes Asbjørnson Hus. Dei busette seg på Vamberg i 1813, og 10. april 1815 fekk Halvor skøyte på garden av svigerfaren Johannes. Dei budde på garden levetida ut.
Sonen Johannes skal ha vore den fyrste seminaristen i Jostedalen og vart truleg hjelpt fram til utdanninga av foreldra.
Halvor og Eli fekk seks born, og alle voks opp:
- Martha Halvorsdotter (1815-1899), gift med Melchior Schjeldrup Monsson Rønnei som pakta Vamberg 1842-46
- Johannes Halvorson Vamberg (1816-1857), klokkar og gardbrukar på Vamberg
- Anna Halvorsdotter (1819-1833)
- Ole Halvorson (1822-1887), utvandra til USA
- Britha Halvorsdotter (1826-1922), gift med gardbrukar Otto Olson Bjørk (bnr. 2)
- Anna Halvorsdotter (1829-1901), gift med husmannssonen Jetmund Knutson frå Uri under Bjørk
Litteratur
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 462-63. (digital utgåve, NBdigital)