Handelshuset J. S. Ording

Handelshuset J. S. Ording blei starta av Joachim Stockfleth Ording (1826–1909) i 1852. Forretninga vart starta opp som ein blanda manufaktur- og kolonialforretning og låg i Skien. I 1885 gjekk ein over til å drive manufakturhandel åleine. Forretninga heldt frå byrjinga til i legde lokalar, men stort sett på same staden i byen. Etter bybrannen i Skien i 1886 kjøpte Ording forretningsgarden der forretninga heldt til fram til den opphøyrde.

Fasaden på handelshuset J. S. Ording.

I 1880 blei sønnen til J. S. Ording, Fredrik Ording, tatt opp som kompanjong i firmaet. Då faren døydde i 1909 var det han som tok over som eineinnehavar i firmaet. Det vart oppretta ein eigen filial på Notodden i 1913. I 1932 vart Fredrik Ording sin sønn, T. L. Ording, tatt opp som medinnehavar i selskapet, og i 1942 vart også den neste sønnen, Paul Fredrik Ording, med. Øistein Ording var på dette tidspunkt prokurist og kontorsjef i firmaet.

Arkiv

Delar av arkivet etter Handelshuset J. S. Ording er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.