Hattfjelldalen (Hattfjelldal)
Hattfjelldalen (g.nr. 1), òg kjend som Hattfjelldalsgarden, er ein matrikkelgard og hovudgarden i Hattfjelldal. Garden er den eldste i kommunen. Kolbein Nilsson og kona Marit Eriksdotter var brukarane som er tidlegast kjende, og dei nemnest fyrste gongen i 1690. Garden vart skuldlagd og teken opp i matrikkelen frå og med rekneskapsåret St. Hans 1704–St. Hans 1705. I dag står bygda og kommunesenteret Hattfjelldalen på garden.
Hattfjelldalen | |
---|---|
Fylke: | Nordland |
Kommune: | Hattfjelldal |
Gnr.: | 1 |
Sjå òg
Litteratur
- Jacobsen, Kjell (2001): Gardshistorie for Hattfjelldal Hattfjelldalen Sida 14 og vidare.