Hauganvegen (Seljord)
Hauganvegen i Flatdal i Seljord kommune går austover frå Flatdalsvegen nord i Åsegrendi og har nokre sidegreiner. Etter kvart går vegen over til å bli ein rein skogsbilveg som endar blindt i skogen. Han går gjennom kupert jordbrukslandskap og passerer fleire gardsbruk og nokre hytter. På nokon av gardsbruka blir husa nytta som fritidsbustader.
Hauganvegen med nr. 10, Vaddal til venstre.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vegen har namn etter gardane Haugane (gnr. 73) og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no