Heddal stavkyrkje
Heddal stavkyrkje, tidlegare kalla Hitterdalens kirke, er den største av stavkyrkjane. Ho står i Heddal i Notodden kommune, og er framleis hovedkyrkje i Heddal sokn. Sidan 1990 har soknet også hatt Heddal låvekyrkje, som vert nytta om vinteren for å spara stavkyrkja for slitasje. Kyrkja er eit viktig turistmål, og mange kjem for å gifte seg der.
Heddal stavkyrkje | |
---|---|
Foto: Siri Iversen (2011).
| |
Stad: | Heddal |
Byggeår: | trolig 1200-tallet |
Endringar: | restaurert 1849–1851 og 1950-åra |
Kyrkjegard: | Heddal kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Til 1537: Den katolske kyrkje Etter 1537: Den norske kyrkje |
Bispedøme: | Agder og Telemark |
Prosti: | Aust-Telemark |
Prestegjeld: | Heddal |
Fellesråd: | Notodden |
Sokn: | Heddal |
Teknikk: | stav |
Materiale: | tømmer |
Kyrkja vart truleg reist mellom 1200 og 1250. Dendrokronologisk analyse har påvist at det er noko eldre tømmer i kyrkja, så det kan ha stått ei kyrkje på staden også før den tid. Ho er reist som ei trearma korskyrkje.
Ved reformasjonen vart interiøret endra, og også seinare restaurering har ført til endringar frå det opphavlege interiøret. Kyrkja forfall kraftig etter reformasjonen. Den fyrste store restaureringa fann stad 1849–1851. Ei ny stor restaurering vart gjennomført i 1950-åra.
Galleri
Avfotografert tegning fotografert av Ole Tobias Olsen mellom 1860-1900. nb.no
Nasjonalbiblioteket