Hegnunvegen
Hegnunvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Folkestadvegen til Valenvegen. Han er om lag 2,6 kilometer lang og passerer gjennom det store Hellestad sandtak, men går for det meste i skogsterreng.
Vegen har namn etter husmannsplassen Hegnun under Valen. Fram til 1991 het vegen Djupegropvegen, da blei namnet endra til Hegnunvegen.
Det budde folk i Hegnun fram til 1984, da huset brann ned. I dag står berre eit uthus att. Plassen låg oppi bakkane, snaut 200 meter nordvest for husestaden på Hvalen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid, s. 121.
- Teknisk utval, sak 161/90.
- Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.