Heimvegen (Bø i Telemark)
Heimvegen i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går sørvestover frå Oterholtvegen på Langkåshaugen. Han er omlag 150 meter lang og er utan fast dekke.
Vegen blei namnsett i 1967. Busetnaden består av åtte einebustader oppført på tomter utskild frå den tidlegare garden Krosshaugen (gnr. 53/8).
Eigedomar
Nr. | Om eigedomen |
---|---|
1 | Gnr. 53/80, «Tunheim» (tidlegare «Kasland»). Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1955 og kjøpt av Aslak Kasland. («Skjøte datert 31. juli 1955 fra Astrid, Olav og Jørgen Høibøs verge og overformynderi»). Johannes Svagård kjøpte tomta i 1960, endra bruksnamnet til Tunheim og sette opp hus der i 1962–63. Eigar frå 2014, Heimvegen 1 AS. |
2 | Gnr. 53/52, tomt nr. 1. Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1947 og kjøpt av Anne Bringa i 1948. Ho overdro tomta i 1954 til sonen Guttorm som bygde hus der. I 1959 kjøpte lektor Ole Selle eigedomen og utvida huset. Eigarar frå 2005, Ragnhild Selle Rundberg og Hallgeir Rundberg. |
3 | Gnr. 53/112, «Haugen». Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1965. Snikkar Andres Sønstebø kjøpte tomta i 1966 og sette opp hus. Eigarar frå 2020, Eldrid Guddal Mathiesen og Rune Mathiesen. |
4 | Gnr. 53/53, tomt nr. 2. Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1947 og kjøpt av Halvor Stavsholt som selde ho vidare i 1949 til Leif Hansen frå Skien. Han bygde hus der i 1950. Eigar frå 2018, Jasmine Anastasia Byrne. |
5 | Gnr. 53/113, «Hagevoll». Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1965. Magne Løvoll kjøpte tomta i 1966 og selde ho vidare i 1969 til Jon Bjones som bygde hus der i 1970–71. |
6 | Gnr. 53/54, «Fredheim». Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1947. Eigar frå same år, snikkar Svein Kåsa, som bygde hus der i 1949. Eigar frå 2006, Morten Bergvad Schwartz. |
7 | Gnr. 53/223. Utskilt frå Voll, gnr. 53/62, i 2007. Odd Erlend og Tone Mari S. Stavsholt kjøpte eigedomen i 2012. |
8 | Gnr. 53/55, tomt nr. 4. Utskilt frå Krosshaugen, gnr. 53/8, i 1947 til Øivind Høibø. Andres Røysland kjøpte tomta i 1953 og sette opp huset i 1954. Eigar frå 2011, Marie Lunde. |
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Digitalarkivet: grunnbok.
- Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.