Herdlevær

Herdlevær (gnr. 46) er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn.

Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.

Herdlevær er omtala i jordeboka til Munkeliv kloster i Bergen i 1480. I 1519 var det eit hushald som betalte skatt. I 1647 var det auka til tre. I folketeljinga i 1910 hadde øya 112 registrerte innbyggjarar. Både den sentrale plasseringa ved ei viktig skipslei, dei i kystsamanheng gode tilhøva for jordbruk, og eit svært godt laksefiske har gjort sitt til at Herdlevær til alle tider har vore ein attraktiv stad å bu.