Hjelp:Koordinatar

Geografiske koordinatar brukast for å gi plasseringa av ein stad i bredde- og lengdegradar. Koordinatane vert anten oppgitte i gradar, minutt og sekund eller som desimaltal.

Det går an å legge inn geografiske koordinatar i artiklar. Når lesaren klikkar på posisjonen, blir det opna ei side med lenkjer til ulike karttenester. Klikkar lesaren på ei lenkje, vil eit kart med posisjonen markert visast. Dette fungerar óg i funksjonen Spesial:Nær her,


Slik legg vi inn posisjonen:

  1. Skal du koordinatfeste heile artikkelen / biletet, så legg inn malen {{artikkelkoord}}, helst nede i artikkelen saman med kategoriane. Skal du berre koordinatfeste ei opplysning i ein artikkel nyttar du malen {{koord}}. (Veit du alt posisjonen, gå rett til punkt 4 nedanfor.)
  2. Koordinatsettet EU89 - Geografiske grader (Lat/Lon) på Norgeskart. Rett kode her vil vere: {{artikkelkoord|59.10574|N|5.72285|Ø}}.
    Om du ikkje veit posisjonen, kan du bruke Norgeskart (Kartverket) til å finne han. Posisjonen står i infoboksen som kjem opp når du har søkt på det aktuelle stadnamnet og klikka på det. Du kan òg sette muspeikaren over staden du vil plassere; da vil posisjonen i desimalgradar visast nedst til venstre i vindauget. Du må velge rett koordinatsett. Tenesta vi nytter er koda for EU89 - Geografiske grader (Lat/Lon). For å få opp det, trykk på "Vis flere koordinatsystemer" og velg det nedste alternativtet.
  3. Du kan òg bruke Google Maps. Ved å høgreklikke på punktet får ein opp gradane i eit felt, og kan kopiere desse. Dei kjem i forma 59.928372,10.717715, som vil seie 59.928372 N 10.717715 Ø. Alle posisjonar i fastlands-Noreg er på nordleg breddegrad, austleg lengdegrad.
  4. Om du kjenner posisjonen i desimalgradar (f.eks. 63.17595), treng du ikkje å konvertere til gradar, minutt og sekund. Legg i staden desimalgradane rett inn i malen, til dømes: {{artikkelkoord|59.912988|N|10.717865|Ø}}.
  5. Veit du alt den geografiske posisjonen i gradar, minutt og sekund N så vel som E, kan du legge han inn i malen slik:
    {{artikkelkoord|[gradar]|[minutt]|[[sekund].[sekunddesimalar]|N|[gradar]|[minutt]|[sekund].[sekunddesimalar]|E|type:landmark}}
    — i praksis for eksempel:
    {{artikkelkoord|63|10|33.42|N|7|49|57.864|E|type:landmark}}
    Merk at vi legg inn sekundposisjonen med desimalar for å få meir nøyaktig plassering. Dette gir resultatet vi ser øvst til høgre på denne hjelpesida.

Til kva for eit punkt skal ein legge koordinatane?

Koordinatane viser til eit heilt spesifikt punkt, og mange gonger er det ikkje slik at det ein skriv om handlar om berre eit punkt, men om eit større område. Det som er viktig å tenke på er kva lesaren vil få sjå når ho eller han går inn i eit kart, og kvar ho eller han vil ende opp om koordinatane nyttast til GPS-navigering.

Nytter du Norgeskart, er det aller enklaste å søke opp staden du skal merke, og så trykke på "Se koordinater" i søkefeltet. Sjå lenger opp på denne sida for å finne rett koordinatsett.

Her er nokre råd for kva for punkt ein elles bør velje:

  • Bygningar: Anten hovudinngangen eller nær midtpunktet til bygningen.
  • Historiske bygningar: Så nær som mogleg til staden bygningen stod.
  • Gardar: Ved / på hovudbygningen.
  • Tettstader/bygder: Der det finst eit rådhus er det oftast rekna som punktet ein måler ut frå. Ellers må ein velje eit naturleg sentrum.
  • Kommunar: Rådhuset/kommunehuset. Kartverket har valt dette punktet på Norgeskart, så der finn ein lett plasseringa.
  • Parkar: Anten hovudinngangen eller eit naturlig sentrum.
  • Plassar: Nær midtpunktet.
  • Gater og vegar: Nær byrjinga på vegen (nr. 1).
  • Elver og bekker: Anten ved utspring eller ved utløp.
  • Innsjøar / vatn: Nær midtpunktet.

Sjå også