Holtan (Fyresdal)

Holtan (Fyresdal gnr. 37/1/9) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 14

Der Lensmannsgata møter Skippergata er det ei husrekke med tre bygningar, Steinsland, Homman og Holtan. På biletet her ser vi til høgre Steinsland bakerst, så Homman nærast, medan av Holtan ser vi berre ein del av stakittgjerdet heilt i kanten av biletet.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Frå ikring 1865 finn me husmannsplassen Holtet eller Holltan som han seinare heitte. Det var Kjetil Toreson A. Nape og kona Gunhild Tarjeisdotter som budde her. Skiftet etter dei vart halde i 1885 og det er uvisst om det budde folk her i åra frametter.

Ikring 1890 finn me Andreas Andreasson frå Eda i Sverige (Vinger?) og kona Ingebjørg Ånundsdotter frå Neset/S. Vik her. Truleg hadde då plassen blitt bustad og Andreas var arbeider, ikkje husmann. Halvor Olavson Nordbø/Svalestog var og arbeider og budde der i 1894.

Holtan er ikkje nemnd i folketeljinga 1900, men i 1903 fekk Olav Kjetilson Snippen leige Holtan for årleg 12 kroner i betaling. Stove fekk dei frå Lunden, det var myllarstova til Hans Qvisling. I 1913 selde Olav tomta med hus og leigerettar til Tarjei Olavson Åland for 1400 kroner. Eigedomen vart etter kvart Gnr. 37/47


Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.