Hovin kommune
Hovin kommune i Telemark vart oppretta i 1886 ved at Hovin sokn vart utskilt frå Gransherad kommune. I 1964 vart den delen av kommunen som låg aust for Tinnsjø innlemma i Tinn kommune, medan Rudsgrend og Busnesgrend på vestsida av sjøen vart innlemma i Notodden kommune. Dagens Hovin sokn svarar til den delen av kommunen som vart lagt til Tinn.
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- Hovin - tidligere kommune i Telemark i Store norske leksikon