Husasnotra
Husasnotra på Valsøyfjord er ein avdeling av Geitbåtmuseet, og ein del av Nordmøre museum. Det er ein lærestad for tradisjonshandverk, der ein byggjer hus og geitbåter. Husasnotra har opplæringstilbod til handverkarar ut over sveinebrev innan både nybygg og restaurering. Dette skjer i samarbeid med Senter for Bygdekultur på Dovre og Rørosmuseet.
Bygget dei held til i, som òg kallast Husasnotra, er bygd som ein tradisjonell nordmørsk låvebygning på 400 kvadratmeter.
Ordet husasnotra er nytta to gonger i islandske tekstar, og var truleg ein navigasjonsreiskap.
Litteratur og kjelder
- Husasnotra, Nordmøre museum.