Husmannsprosjektet 2017

Husmannsprosjektet 2017 var eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalhistorie og ei rekkje fagmiljø, organisasjonar og institusjonar med sikte på å ajourføre og utvide kunnskapen om husmannsvesenet. Det konkrete siktemålet var å utgje eit bokverk i 2022, 100 år etter at Simen Skappels standardverk om husmannsvesenet i Norge kom ut. Av ymse grunnar let ikkje prosjektet seg vidareføre, og vart etter kvart avvikla.

Initiativ og organisering

Initiativet til prosjektet kom frå Hordaland Sogelag og Rogaland Historielag. Det hadde mellom anna bakgrunn i at desse to laga, ved Mikal Heldal (Hordaland) og Birger Lindanger (Rogaland), organiserte eit seminar om husmannsvesenet i samband med Landslaget for lokalhistorie si historielagskonferanse i Bergen i november 2016. På nyåret vart det nedsett ei interimsgruppe for å arbeide vidare med saka. Desse var med i gruppa:

Landslaget for lokalhistorie stilte seg bak prosjektet, og løyvde eit mindre beløp til førebuande arbeid på landsmøtet på Gjøvik 5.-7. mai 2017. Føresetnaden var at prosjektet skulle vere sjølvfinansierande.

Fagleg bakgrunn og føremål

Blant innleiarane på husmannsseminaret i Bergen var m.a. historikarar som hadde vore involvert i planarbeid for eit mogleg nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannshistoria i Luster, og som hadde utarbeidd ein grundig rapport om forskingsstoda.[1] Andre innleiarar har ved eiga forsking dei siste 10-20 åra bringa fram ny kunnskap om husmannsvesenet og på fleire vis utvida forståingsrammene m.a. kva gjeld kronologi, geografiske variasjonar og med omsyn til yrkessamansetning. Husmannsprosjektet 2017 ville byggje vidare mellom anna på dette, og la vekt på desse momenta:

  • Den tidlege historia til husmannsvesenet.
  • Avviklinga på slutten av 1800-talet og utover på 1900-talet.
  • Regionale og lokale variasjonar, med vekt på regionar som har vore mangelfullt granska.
  • Internasjonal komparasjon.
  • Husmannsvesenet i kjønnshistorisk perspektiv.
  • Husmannsvesenet som moderniserande og innovasjonsfremjande fenomen i tidleg moderne tid.

Ny bok om husmannsvesenet

Det etter måten ambisiøse prosjektet viste seg å ikkje gå heilt etter planen. Det skuldast mangel på forskingsmidlar og organisatoriske vanskar. Samarbeidsprosjektet vart i praksis liggjande daudt etter eit par år. Men det mest konkrete målet, utgjeving av eit nytt verk om husmannsvesenet ved 100-årsjubileet for Simen Skappels klassikar, kan seiast å ha blitt realisert på anna vis. Professor Nils Olav Østrem ved Universitetet i Stavanger, ein av pådrivarane i prosjektet, kom i mål med ei bok utarbeidd på eiga forskingstid.[2]

Referansar

Kjelder

  • Observasjonar og notatar ved prosjektdeltakar Hans P. Hosar.