Indre Hafslo

Indre Hafslo er ei bygd og ein skulekrins i Luster kommune i Sogn. Indre Hafslo ligg mellom Gaupne og (ytre) Hafslo og høyrde til Hafslo kommune fram til kommunesamanslåinga i 1963. Bygda og skulekrinsen femner om Fet og Joranger sokn.

Marifjøra.
Foto: Nasjonalbiblioteket

Marifjøra ved Gaupnefjorden høyrer til Indre Hafslo og har vore hamn, handelsstad og tingstad for Indre Hafslo. Tinglaget utgjorde tidlegare eit eige skipreide med namnet Marifjøra.

Indre Hafslo vart på 17- og 1800-talet kløyvd i skulekrinsane Joranger, Fet, Ugulen, Mollandsmarki og Eikjastrondi. I etterkrigstida vart skulekrinsane slegne saman til Indre Hafslo med Livdtun skule på Kjørlaug som skulehus (bygt 1914). Skulen var i bruk til 2007 då nybygde Indre Hafslo skule vart teken i bruk. Han er nærmaste nabo med Indre Hafslo barnehage, og skulen og barnehagen har sidan 2012 hatt felles administrasjon (Indre Hafslo oppvekstsenter).

Kjelde

Eksterne lenkjer