Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Ingebjørg Kasin Sandsdalen (født 6. september 1915 i Seljord, død 4. september 2003 same stad) var diktar og forfattar. Minnene frå ein oppvekst i Svartdal i Seljord skin igjennom i det meste ho skreiv. Ved sidan av forfattarskapet var ho gardskone på Øvre Sandsdalen.
Ho var dotter av gardbrukar Olav Kjetilsson Kasin (1886–1932) og Såve Folkvarsdotter Blika (1877–1941).
I 1938 gifta ho seg med diktar og gardbrukar Halvor J. Sandsdalen (1911–1998), og flytta til garden hans. Dei fekk to born, Halldis Synnøve (f. 1939) og Odd Jan (f. 1944). Dei hadde møtt kvarandre etter at ho var ferdig på Sagavoll folkehøgskole og hadde fått arbeid hos kjøpmann Toralf Lindstøl i Seljord. Frå 1938 hadde dei ein slags felles diktarverkstad på garden. Først i 1950, då ho var 35 år gamal, kom debutsamlinga Hjarta av jord. Ho hadde skrive i mange år, men som tobarnsmor hadde ho ikkje fått tatt skrittet til å få noko utgjeve før. Kritikarane kom med godord til samlinga. I byrjinga av 1950-åra bestemte paret seg for å satse på skriving på heiltid. Han hadde hatt sin debut i 1946 med samlinga Mannen og moldi. Både Halvor og Ingebjørg Sandsdalen skreiv på nynorsk, med eit preg av Telemarksmål.
I 1970 kom Hjarta og harpe, der ho i lyrisk prosa skildrar sin eigen barndom. Den var følgd opp av Erindrings bok i 1972, og dei to verka reknast som nokon av dei finaste borneskildringane i norsk litteratur. Ho gav seinare ut fleire sjølvbiografiske verk i lyrisk prosa. I så godt som alt ho skreiv er kjærleiken til Telemark og Seljord klart til stades. Det er også gudstrua hennar, som gjer mange av dikta eit lyst og varmt preg.
Ingebjørg Kasin Sandsdalen skreiv også ein romankvartett om presten Zacharias Jonsson Skancke (1601–1689), som var sokneprest til Seljord prestegjeld i 56 år. Bøkene Linet blømer, Hr. Zacharias til Sillejord, Linpresten og Av Skancke-ætt er historiske romanar der ho har lagt stor vekt på å beskrive ting som dei verkeleg var, medan ho fyller ut hola i historien og skapar ein heilskap i soga.
Ho mottok i 1965 Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe, Jørgen Vikør-prisen i 1994 for samlinga Treblåsaren og Målprisen i 1995. Både ho og mannen fekk i 1996 Kongens fortjenstmedalje i gull. Frå 1984 hadde ho kunstnarløn frå Seljord kommune.
Bibliografi
- Hjarta av jord, 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Vera ein sjø, 1958. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Vegen og vandraren, 1960. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Søkte eg lyset, 1963. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Guds lampe, 1964. Digital versjon på Nettbiblioteket
- I dei solhøge år, 1965. Digital versjon på Nettbiblioteket
- I songens månad, 1966. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Attom di strand, 1968. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Hjarta og harpe, 1970. Digital versjon på Nettbiblioteket
- I såldet, 1971. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Erindrings bok, 1972. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Laterna magica, 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Hemmelege landemerke, 1975. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Linet blømer, 1976. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Plukk dagen, 1976. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Hr. Zacharias til Sillejord, 1977. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Mellom levande, 1978. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Linpresten, 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Av Skancke-ætt, 1983. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Song i september, 1985. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Aldrande jord, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Med gullstøv under skorne, 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Frå eit hjartes ferdsskrivar, 1991. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Treblåsaren, 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Landskap, 1995. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Georgica, 1996
- Vengefjørsong, 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Jord og tid, 2001.
Kjelder
- Aune, Olav Egil: Ingebjørg Kasin Sandsdalen i Norsk biografisk leksikon.
- Karlberg, Odd og Sigrun Dyrland Eidal: Seljord IV. Utg. Seljord kommune. 2003.
- Mosdøl, Olav: «Lokalt stoff - allmenn tanke» i Årbok for Telemark. Seljord. 1997.
- Flatdal i Seljord, Ministerialbok nr. II 2 (1887-1917), Fødte og døpte 1915, uten sidenr
- Ingebjørg Kasin Sandsdalen i Historisk befolkningsregister.