Jønnebergvegen

Jønnebergvegen i i Midt-Telemark kommune går sørover frå Seljordvegen til garden Jønneberg og er 4,1 kilometer lang. I starten går han i jordbrukslandskap ein snau kilometer og sidan gjennom skog i bratt lende.

Jønnebergvegen sett sørover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Vegen blei namnsett i 1996 og har namn etter garden Jønneberg. Garden ligg ved vegs ende opp mot toppen av heidraget, 367 moh., omlag midtvegs mellom Skoe og Uvdal.

Eigedommar

  • Nr. 17: Tveitan (gnr. 32/10)
  • Nr. 50: Gravjord vestre, Bortistugu (gnr. 33/1)
  • Nr. 54 Gravjord, Oppistugu (tidlegare gnr. 33/2, no lagt til gnr. 33/1)
  • Nr. 60 Gravjord søndre, Nedistugu (gnr. 33/4)
  • Nr. 76 Kåsa (gnr. 33/6)
  • Nr. 400 Jønneberg (gnr. 35/1)

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III ved Stian Henneseid. Bø kommune 1985.


Koordinater: 59.40755° N 8.95561° Ø