John E. Maakestad
John E. Maakestad (fødd 1864 i Ullensvang, død 1920) var bladmann og forfattar.
Han gjekk på folkehøgskulane i Seljord og på Askov. Frå 1891 var han stortingsstenograf. Han gav ut tre små forteljingsbøker på nynorsk, Ein faare (1886), Blokkur. Fire skissur (1888) og Ugras. Sogur (1888). Han skreiv mykje i aviser, i unge år meist på nynorsk.
|