Jon Pedersson Bjørdalsbakke (1871–1898)
Jon Pedersson Bjørdalsbakke (fødd 27. mars 1871, død 3. mai 1898) var fotograf på Ørsta.
Han var son av Peder Andersson Bjørdalsbakke (1825–1883) og Ane Oline Hansdotter Bjørdal (1827–1903), og yngst i ein flokk på ni sysken.
Faren døydde av Tuberkulose då Jon var berre tolv år gamal. Eldstebroren tok over garden, og mora budde vidare der med dei yngste. Han vart konfirmert i 1886, med karakteren «Næsten meget godt».
Ein av brørne, Peter Olai Pedersson Bjørdalsbakke (1867–1929) utvandra til Amerika i 1888, og Jon ville gjerne følgje etter. Han reiste med ein ven i 1893. Dei dro innom broren i Marinette, men skulle til New York. Jon hadde prøvd seg som fotograf heime på Ørsta, og ville lære seg meir om yrket i Amerika.
I 1896 vende han heim til Ørsta, og bygde seg atelier i Ørstavik. Det sto ved Kyrkjegata, nett ved Rasmusløda. Han blei den første fotografen i bygda, men karrieren skulle ikkje bli lang. Allereie i mai 1898 døydde han av hjernehinnebetennelse.
Det er bevart ein del bilete, signert J. Bakke eller J. Bjørdalsbakke, nokre gonger J.P. Bjørdalsbakke. Fotograf Andreas A. Wennberg tok over atelieret.
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- J. P. Bjørdalsbakke på Digitalt museum.
- J. P. Bjørdalsbakke på KulturNav
- Bonge, Susanne: Eldre norske fotografer : fotografer og amatørfotografer i Norge frem til 1920. Utg. Universitetsbiblioteket i Bergen. 1980. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Mo, Brit B.: Bjørdalsbakkeslekta i Ørsta. Utg. [B.B. Mo]. 2001. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jon Pedersson Bjørdalsbakke i Historisk befolkningsregister
Jon Pedersson Bjørdalsbakke (1871–1898) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|