Jonar Kjøde frisør
Jonar Kjøde dreiv frisørsalong i Sykkylven i ei årrekkje. Han hadde fire års læretid, praksis og utdanning som frisørmeister då han kom til Sykkylven i 1953. I nesten tjue år hadde han salong i huset til Åsta Fredriksen, men i 1972 flytte han til nye lokale i forretningsbygget til Severin Bakke.
Jonar Kjøde utførte alle vanlege tenester i herrefrisørfaget, m.a. tilpassing av toupear og parykkar, dessutan strukturbehandling. Han hadde ein stabil og stor kundekrins. Barnebarnet hans, Elise Kjøde Klokkehaug, har dei siste åra ført salongen vidare med tilbod om klipp og stell av hår for både damer og herrer.
Kjelde
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.