K. Nielsens skoforretning
K. Nielsens skoforretning blei grunnlagt i 1863 av skomakermeister C. J. Nielsen. Forretninga låg i Kragerø, og var også kjend under namnet K. Nielsens Eftf.. Nielsen dreiv hovudsakleg med sal av sko frå eigen verkstad. I 1890-åra blei forretninga overtatt av dottera, Kathinka Nielsen, som dreiv ho fram til 1917. Då selde ho forretninga til A. E. Abrahamsen frå Kragerø. Han dreiv forretninga fram til 1943 då ho blei overdratt til sonen, Storm Abrahamsen.
Arkiv
Arkivet etter K. Nielsens skoforretning er ordna ved Berg-Kragerø Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.