Karender Dieseth
Karender Dieseth (fødd 1846 i Åmot, død 1916 i Kristiania) var lærar, gardbrukar og venstremann. Han var son til husmann Ole Eriksen og Oleana Olsdatter. Karender var gift med Johanne Mathea Kjærnes frå Frogn. Ho var dotter til gardbrukar Kristian Olsen Kjærnes og Petra Amundsdotter.
Karender tok lærareksamen i 1868 og var lærar i Frogn og Ås før han vart gardbrukar på Børsum i Ås i 1881. Etter 1891 budde han i Kristiania og var agent (sal av eigedom). Han og kona er gravlagde på Vår frelsers gravlund.
Karender Dieseth var sentral i skipinga av Venstre i januar 1884. Han var stortingsvaramann for Akershus og møtte i staden for Johan Sverdrup frå juni 1884. I 1887 redigerte han bladet Bonden, organ for Akershus venstreforening.
Kjelder og litteratur
- Leiv Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905. Oslo 1984.
- Karender Dieseth i Historisk befolkningsregister