Ketil Skogens veg
Ketil Skogens veg på Gvarv i Midt-Telemark kommune går sørover frå Gvarvgata mot Gvarv brygge og med ei grein austover til Skrivarvegen. Han er om lag 350 meter lang.
Vegen, som ligg i Skrivargrenda, er kalla opp etter juristen, politikaren og målmannen Ketil Skogen (1884–1970), og blei namnsett i 1999.
Ketil Skogen var sakførar i Sauherad 1910–1914 og 1916–1936, sorenskrivar i Vest-Telemark 1936–54 og fast forsvarar ved Nedre Telemark heradsrett 1917–1942, og frå 1945. Han satt i Sauherad kommunestyre 1910–1913 og var varaordførar 1919–1922. Stortingsrepresentant for Venstre i Telemark var han i to periodar 1925–1927 og 1946–1950. Ved Gvarv stasjon står ei byste av Skogen.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Biografi: Skogen, Ketil - Stortinget.
- Ketil Skogen - Allkunne.